Ufrivillig barnlaus

photo-1454874697844-a1db1e1655a0

Ufrivillig. Barnlaus. To ord som er meir enn nok i seg sjølv. Og som vert nesten for alt for mykje dersom dei står etter kvarandre. Ufrivillig barnlaus.

At noko er ufrivillig seier jo alt. Det er noko ein ikkje styrer sjølv, det er noko som ligg utanfor vår kontroll. Og på den måten er det jo ikkje så mykje å gjere. Men det ligg i vår natur å både kjempe, og håpe.

I møte med ufrivillig barnlaushet vert håpet ofte lagt til medisinsk vitenskap. Og vitenskapen er komen langt knytta til ulike former for assistert befruktning. Så dette er eit håp med reelle sjansar for godt utfall. Men det er likevel strevsomt å håpe. Det er knytta så mange følelsar til det å håpe.
Håpet inneheld glede over det som skal skje og nysgjerrighet for korleis det skal bli. Men håpet inneheld også bekymring for om det ikkje blir som planlagt, oppgitthet, tristhet over å ikkje sjå enden på det ein står i, og endelause lange rekker med «tenk viss»-tankar. Håp er på den måten både knytta til det å halde oss oppe, gje motivasjon og vere drivkrafta som får oss litt vidare. Og dei vonde sidene og bekymringane kan bli til den så berømmelige dråpen som får begeret til å renne over.

Min erfaring med kvinner og menn som er ufrivillig barnlause er at håpet ofte svingar. Det kan svinge så masse at dei beskriv det som å ikkje alltid kjenne att seg sjølv. Mange beskriv seg som ustabile, og mange kallar seg sjølv følelsesmessige vrak. Dette blir også påverka av møtet med den medisinske verda.

I prosjekt «Få eit barn» skal kroppar stillast til disposisjon for undersøkelsar, vurderingar, kategoriseringar og til slutt ein prognose for forventa suksess. Så kjem tala i norske kroner. Og så kjem tala i antall dagar bort fordi medisinske ting må skje akkurat no. Og om det ikkje lukkast, så skal ein sjekke tala på nytt for å sjå kva tid ein skal i gong med neste runde. Det blir så teknisk. Og for mange er det nødvendig, for ein periode.
Men ein må likevel ikkje gløyme at det er personar inni desse kroppane. Som føler skyld for at prøvesvar er som dei er. Som blir sliten av hormonendringar. Som strevar med å halde motet oppe. Som tvingar seg ein dag til å ha håp, og som nesten dag kallar seg sjølv dum for å håpe på noko så usannsynleg.

Er depresjon normalt?
Forventninger til sped- og småbarnstid