Er depresjon normalt?

Eg snakka med ein klok, og litt fortvila mamma, her ein dag. Og vi snakka ein del om normalisering. Og det har eg tenkt ein del på i etterkant.
Eg er veldig glad i å normalisere. Eg tenkjer det er ein viktig del av min jobb, å bruke kunnskapen eg har om korleis mennesket fungerer slik at andre som treng det får vite litt meir. Spesielt om å streve på område som er både normalt og gjenkjennelig. Og eg er veldig glad for at vi i Noreg meir og meir har ein heilthetleg forståelse for dette strevet, og tenkjer heller «livet går opp og ned», «livet er ikkje for pyser» enn å tenkje sjuk/frisk.
Og i dette heilhetsperspektivet er jo normalisering og kunnskap svært viktig. Men så dukkar jo spørsmålet om kva er nok og kva er for mykje normalisering opp. I samtale med denne mammaen tenkjer eg at det var gjort for mykje normalisering. Her var det småbarnsperioden og dens weare`n tear normalisert så masse at mammaen sat att med ein følelsen av å ikkje bli tatt på alvor og at «alle andre får til det her, berre ikkje eg».
Depresjon og angst er ofte to litt snikete søskenbarn. Dei dukkar ofte ikkje brått opp, bortsett frå tremenningen panikkanfall sjølvsagt. Dei kjem sånn litt etter litt, og så har dei liksom flytta inn og ingen veit heilt kva tid dei kom. Angst og depresjon er derfor nesten det perfekte eksempel på at normalisering kan bli vanskeleg.
Angst og depresjon består at tankar vi allereie har, frykter vi allereie har, vonde følelser vi allereie har. Dei forsterker negative tankar om oss sjølv vi allereie har, dei forsterkar følelsen av å ikkje få til område vi allereide syns vi strever med å få til. Dei infiltrere rett og slett våre vanlige tankar og følelsar nesten utan at vi merkar det. Dei får gjære og heve i fred, på ein måte. Til det plutselig ein dag er merkbare forskjellar på mennesket som er infiltrert.
Ein kan plutseleg registrere kor sliten ein er, kor ein ikkje orkar sosiale samanhengar. Ein kan kjenne at gråten er mykje nærmare, ein kan streve med å finne krefter til enkle ting i kvardagen. Og ein kan gruble og tenkje så veldig på ting som skal skje langt fram i tid. Og då kan det heilt vanlege kanskje ha vokst seg til noko som fremdeles er vanleg – angst og depresjon er vanlege lidingar- men dei er ikkje vanlege i styrke og størrelse lengre.
Mamman eg snakka med var god til å ordsetje opplevelsane og kvardagen sin. Men det er ikkje alle som får så godt til. Og det er av og til vanskeleg å få fram kor mykje ein lid av angst og depresjon. For når ein skal forklare, så må ein jo bruke vanlige ord, om vanlege kvardagshendelsar, vanlege reaksjon og heilt vanlege problemstillingar.
Vil det då vere bra å få høyre at alle kan kjenne det slik i desse kvardagssituasjonane og at alle kan vere sårbare for angst og depresjon dersom x, y, z skjer og at du derfor kan ta det med ro og berre kvile litt ekstra? Eller vil det vere betre å ikkje normalisere og seie at «oi, dette var litt større trykk enn mange andre i din situasjon opplev» med den faren at det kan skremme nokon? Kva ville du syns var ok?
Som psykolog er eg opptatt av å synleggjere handlingsrom der det finst, og ansvar der det må på plass. Nokon vil nok kjenne normalisering som handlingsrom, det betyr at det ikkje er noko gale og alt vil snart løyse seg. Eg er berre litt sånn og sånn for tida. Andre kan kjenne det som eit press om å berre håndtere situasjonen litt betre så går det over. Andre vil kjenne at orda «eg trur du er deprimert» som at litt av ansvaret og skulda vert fjerna fråd ei, og at det derfor er naturleg å trenge hjelp til å kome seg til hektene att.
Men samtidig også kunne kjenne på uro over om dette er noko som kjem til å gå over. Og det gjer jo som regel det, sjølv om det kan vere vanskeleg å tru på når ein står midt oppi det. Og det kan vere vanskeleg å finne skillet mellom kva som er normal mengde strev, og kva som er litt i overkant mengde strev.
Eg fekk iallfall ein liten påminning om at eg må høyre skikkeleg godt etter. Og bruke det mammaen seier om sitt eige liv for tida opp mot den kunnskapen og erfaringen eg har om angst og depresjon. Slik at vi saman best mogleg kan finne ut av dette strevet, og kva som kan vere nyttig hjelp.